Skip to content

Stubbar frå Snorre #14 Kongeleg terningspel Mystery Cache

Hidden : 11/4/2018
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Visste du at tala på ein terning er plassert slik at to motsette sider alltid summerer seg til 7? Slik var det og på Olav den heilage si tid, i følge denne soga frå fredssamtalane i Konghelle rundt år 1020.

Bakgrunnen for soga er at svenskekongen Olof Skötkonung (forøvrig son av Sigrid Storråde) hadde teke styringa over deler av Noreg etter at han var med på å slå Olav Tryggvason ved Svolder i år 1000. Han sette inn Svein Håkonsson til å styra som sin jarl. Men i år 1016 slo Olav den heilage Svein jarl ved Nesjar og tok kontroll over område som svenskekonge rekna som sine. Det lika Olof Skötkonung svært dårleg, og det vart fleire år med ufred og mislykka meklingar før svenskane til slutt tvang kongen sin til å slutta fred med den norske kongen.

Torgny Lagmann talar på tinget i Uppsala og trugar svenskekongen med opprør om han ikkje sluttar fred med nordmenna.

Til slutt var freden so godt som i boks, og det gjenstod berre ein liten detalj dei like godt kunne spela terning om.

Frå Soga om Olav den heilage

(Snorre kallar begge kongane Olav)

Torstein Frode fortel at det låg ei bygd på Hising som takom-til hadde følgt med Noreg og takom-til med Gøtaland. Då vart det avtala mellom kongane at dei skulle kasta terningar om denne eigedommen, og den skulle ha bygda som gjorde det største kastet. Då kasta sviakongen to seksar, og sa at no turvte ikkje kong Olav kasta; men han rista terningane i handa og svara: "Det er endå to seksar på terningane, og det er ei lett sak for Gud, herren min, og lata dei snu opp no og." Han kasta, og slo opp to seksar. Då kasta sviakongen Olav og fekk to seksar då og.  Då kasta Olav, norske kongen, og då var det seks på den eine, men den andre rauk sund, så det var sju på den, og då eigna han bygda til seg. Vi har ikkje høyrt gjeti meir som hende på dette møtet, og kongane skildest forlikte.

Oppgåve: 

Det var som nemnt diverse forsøk på mekling og forhandlingar før det til slutt vart fred. 

Det var ein mann, kjent som ein av kong Olav den heilage viktigaste rådgjevarar, som prøvde å overtala Olav den heilage til å slutta fred, og som plutsleleg, til sin forskrekkelse, vart utnemnt til Olav den heilage sin sendemann som skulle forhandla fred med svenskekongen.

Kven var Olav den heilage sin sendemann som skulle forhandla fred med Olof Skötkonung? 

Svar på forma:

Navn Tittel


Du kan sjekke din oppgave med certitude.

 

Dette er den fjortande av ein serie cacher med pussige historier frå Snorres Kongesoger.

Additional Hints (Decrypt)

Gvy bcctåin:Znexøera fva cynffrevat cå xnegrg re vxxwr gvysryqvt

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)