Skip to content

Stubbar frå Snorre #4 Det var då voldsomt til mas! Mystery Cache

Hidden : 1/6/2018
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Svenske Sigrid var ei rik og mektig enke. Dermed var ho eit godt parti, so godt at det kunne visst verta litt plagsamt innimellom. Og då må ein jo seia ifrå.

Frå soga om Olav Tryggvason

Sommaren etter for han [Harald] i Austerveg med folket sitt og styrde til Svitjod. Han sende bod til dronning Sigrid at han ville tala ved ho. Ho reid ned til han og dei talast ved, og han kom straks fram med det, om ho ville gifta seg med han. Ho sa at det var berre fjas av han, og at han var so vel gift før at han kunne fullkomeleg godt berga seg. Harald seier at Åsta var ei god og gjæv kone; "men ho er ikkje so høgboren som eg er." Sigrid svarar: "Det kan vel vera at du er meir storætta en ho, men eg trur at ho no går med lykka til dykk båe to." Dei tala ikkje stort meir med kvarandre; dronninga reid bort og Harald var tung i hugen.

Han laga seg til å rida opp i landet og tala med dronning Sigrid ein gong til. Mange av mennene hans talde han ifrå; men likevel for han med eit stort følgje og kom til den garden som dronninga styrde. Same kvelden kom det ein konge til, som heitte Vissavald, austafrå Gardarike og ville fri til ho.

Båe kongane og alt folket deira fekk sova i ei stor og gammal stove, og all bunaden var deretter; men det skorta ikkje på drikke om kvelden, og det var so sterkt at alle drakk seg fulle, og vakta både ute og inne sovna. Då let dronning Sigrid ta på dei om natta både med eld og våpen; der brann stova og dei mennene som var inne, men dei som kom seg ut vart drepne. Sigrid sa at såleis skulle ho gjera småkongane leie av å fara frå andre land og fri til ho.

Sidan vart ho kalla Sigrid Storråde. 

Åsta får høyra kva mannen hennar har gjort, og  korleis det gjekk.

Oppgåve: På teikninga kan me sjå at Åsta er gravid. Kva kjem ungen til å verta kjent som? Svaret er på foma

navn tilnavn

der tilnavnet ikkje er av -son typen. 

 


Du kan sjekke din oppgave med certitude.

 

Dette er den fjerde av ein serie cacher med pussige historier frå Snorres Kongesoger.

Additional Hints (Decrypt)

Tbbtyr re xwrxg å un

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)