Området er ein del av Oksøy-Ryvingen Landskapsvernområde, og eg oppfordrar alle geocachere til å følga opp verneforskrifta sine ord om at "All ferdsel skal skje varsomt og ta hensyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner."
I nokre av luftvernstillingane stod det 2 cm Madsen Flak.( Dette eksemplaret er fotografert i finsk teneste under fortsettelseskrigen. SA-kuva photo archive, photo number 78999.) Det er ingen direkte samanheng mellom den enkelte cache og illustrasjonsfoto.
Enkel substitusjon
Problemet med Cæsar-chifferet er at det finnest så få ulike nøkkler, berre 26 stykker, viss du reknar med n=0. Dermed kan motparten lett prøva alle for å finna den rette.
Ein kan i stadenfor velga ein nøkkel som er ein tabell der kvar av dei 26 bokstavane vert erstatta av ein annan, men utan noko anna system en att to ulike bokstaver ikkje kan byttast ut med samme bokstav. Då får me eit monoalfabetisk substitusjons-chiffer.
Ein mogleg nøkkel ser me her, kvar bokstav i den øverste rekka vert bytta ut med bokstaven rett under:
abcdefghijklmnopqrstuvwxyz ->
AZERTYUIOPQSDFGHJKLMWXCVBN
Med dette systemet vert teksten:
dette er eit betre chiffer ->
RTMMT TK TOM ZTMKT EIOYYTK
Nøkkelen i dette chifferet er altså ein permutasjon av alfabetet, det vil seia ei liste av alle bokstavane i alfabetet, men i ein annan rekkefølge en den vanlege. Det finnes 403291461126605635584000000 ulike permutasjoner av alfabetet, så det er ikkje mogleg å prøva alle tenklege nøkklar.
(I praksis kunne ein bruka eit system som gjorde det mogleg å generera ein nøkkel basert på eit nøkkelord, og dermed kunne ein faktisk huska nøkkelen. Men eit slikt system gav færre moglege nøkkler)
Men, chifferet er alikevel ikkje særleg sikkert. Først og fremst fordi enkelte bokstaver vert nytta mykkje meir en andre. Til dømes er 'E' den klart mest brukte bokstaven på norsk. (Og i mange andre språk) Dermed, i dei fleste tekstar av nokon særleg lengde treng ein berre finna den mest brukte bokstaven, og anta at den representerer 'E'. Også går ein vidare til å gjetta andre bokstavar.
Her er eit digram basert på tall frå norsk Wikipedia som viser kor ofte ulike bokstaver er brukt. (Men husk at tabellen vert lit forskjellig for oss, sidan me nyttar ae, oe, aa for æ, ø, å. Og husk at ingen tekst vil følga figuren heilt nøyaktig)
Denne metoden for å bryta chiffer har vore kjent i over tusen år, det er vanleg å gje æra for oppdagelsen til den arabiske filosofen og matematikaren أبو يوسف يعقوب بن إسحاق الصبّاح الكندي (Abu Yūsuf Yaʻqūb ibn ʼIsḥāq aṣ-Ṣabbāḥ al-Kindī).
Les meir om frekvensanalyse på Wikipedia, eventuelt er engelsk Wikipedia meir utfyllande.
Teksten nedanfor er lang nok til at chifferet rimleg greitt kan brytast med frekvens-analyse. Men, det finnes eit triks som den som er våken kan prøva for å enkelt få ein god del bokstaver gratis. Skjønnar du kva det er?
MLBDBFLK KLXC PVJNDZZNNV QXZCVX NXV GLJJZ BFA NL KAHH JDKANNVX
ZABN BFA QXZCVX PVJNDZZNNV GLJJZ ZZNNV ZZNNV NL JDKANNVX RZRSVK
HDQQ HDNN KVCD EZGGVK BLVX PLX BNDHHDKQVK KZVX VDN EVNLKQSLH
JVHHLJ KLGXV BNVDKZX CVNNV VX XVBNZKV ZT VDK BNDHHDKQ PLX
PVJNVK RJ GZKLK CVK LEBVXTZKNV HVBZX TDH SZ HZQN JVXGV
NDH ZN CVD PDXV PLVXBNV LXCZ D CVKKV JVHCDKQZ VX
CVD BZJJV BLJ D JVHCDKQZ PLX RZRSV VDK CVNNV VX
VDN XVBAHNZN ZT ZN CVD NL JVHCDKQZKV SZX BZJJV PLXJZN
LQ ZN MLBDBFLKZKV HDQQ KZVX GTZXZKCXV EXDNNZKV GZHNV BHDGV CVHVX
ZT JVHCDKQZX VDK GAKKV QFVNNZ DKKSLHCVN ZT PLX RXDEB LQ
CVD TZX TDGNDQV PLX GXIMNLZKZHIBVK D CVN JDHDNZVXV HDGVX VDK
ZZ QFVXZ NDKQ VNNVX PZBNV JLVKBNVX BZZ JVHCDKQZX TDH LPNV
DKKVSZHCZ JLQHVQV RXDEB TDBB VDK DGGFV EVTDBBN MXLVTVX ZZ AKQZZ
CVN KZZX CA HLVIBVX LMMQZZTV NXV BFZZ MZZ BNZXNVK LQ
BHANNVK ZT RSDPPVXNVGBNVK CVD NXV XLJVXNZHHZ AKCVX HLGGVN ANQFVX YZHOVKHZQV
Kryptograficachane på Flekkerøya
Første serie, klassisk kryptografi
Belteviga fort #1 Cæsar-chiffer
Belteviga fort #2 Enkelt substitusjonchiffer
Belteviga fort #3 Vigenèrechiffer
Belteviga fort #4 Vigenèrechiffer 2
Belteviga fort #5 Enigma (Bonus)
Andre serie, moderne kryptografi, nøkkelutveksling
Krossodden fort #6 Modulær aritmetikk
Krossodden fort #7 Diffie–Hellman utveksling
Krossodden fort #8 RSA
Tredje serie, moderne kryptografi, Symmetriske chiffer
Laksevika fort #9 XOR
Laksevika fort #10 AES
1.april spesial, på fastlandet.
Batterie Vara #11 Desinformasjon