Skip to content

GT2#001 Frøylandstølen I - Alfacachen Traditional Cache

Hidden : 3/2/2021
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Fellesinformasjonen for heile GT2-serien


GT2-serien er ein oppfølgjer av Giljatour, og G'en har dobbel meining - både "Gilja", men og "Gjesdal" - touren går altså ein del i Dirdal-Giljatraktene, men har fleire utspring rundt om i Gjesdal.

Det er 425 cachar i GT2. Ca 91 % er i Gjesdal. Seks stk i Sirdal og ca 32 i Bjerkreim.

 

Giljatour (2016)


Giljatour er ein serie på 110 cachar som kom i juni 2016. Kjekk lesing om utlegget, området og mykje meir finn du her Giljatour #001 God tur! 

Her er det caching handlar om: Giljatour #030 til #025 og opp til Risaknuten (Mulebucache).

Her er ein anna kremtur frå Giljatour: Dokkolstølen og  Willytrappene (Giljatour #055 til #047, restaurert støl og trappene var ikkje på plass i 2016.)

 

Motivasjonen for GT2


Det gav meirsmak med Giljatour, både alle utleggsturane Saga og eg fekk, men og resultatet. Tusen takk for alle loggane som er skrive og alle favorittpoeng som er gitt.

I 2020 kom det store slepp frå fleire, der Mulebu publiserte det største sleppet i Gjesdal med ca 140 på ein dag. Ikkje lenge etterpå følgte både to ålgårdsjenter og ein kleppsbu opp med fleire cachar i Gjesdal. Her er ein relive-film som viser noko av det Mulebu-cachane gav meg av turopplevingar: Topptur i Madlandsheia

Alt dette inspirerte meg til å setja i gang med eit nytt prosjekt - GT2!

Planen - og min første reviewer-note 20/3-21 sa at GT2 ville bli +-200 blush

Saga har vore viktig støtte og turkjærast undervegs - tusen takk! heart

Eg vil og takka alle dei velvillige grunneigarane eg har kontakta, og for samarbeidet med kommunar og Statsforvalteren. Til slutt må eg få seia tusen takk for eit fantastisk godt, rådgjevande og kontruktivt samarbeid med reviewer, Hexa Nomos - og ikkje minst for å publisera 425 cachar på ein gong! 

Håper du får ein fin tur med gode funn og ingen dnf! God tur laugh

 

Turane i GT2

 

Frøylandstølen

13 cachar, 6 km (tur-retur), lågast 16 moh - høgast 664 moh.

(Lagt ut 1/3-21, brukte 5:15 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: “Foreningen for stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal” stod bak restaureringa av Dokkolstølen. Dugnadsgjengen har også fått opp Frøylandstølen. Det inspirerte til utlegg opp til stølen, og vidare opp til Giljatour I. Ein mogleg utviding av turen er vidare mot Vaadlandsnuten. Det er og mogleg å kryssa frå Frøylandstøl over til Dokkolstølen.

Vurdering: herleg og krevjande oppoverbakke, men klart verdt høgdemetrane. Fantastisk utsikt, særleg på spesielt utsiktspunkt GT2#006 Frøylandstølen VI.

Sti: 100%. Blåmerka. Går litt på umerka sti til utkikkspunkt.

Vegval: same kva rekkjefølgje du tek.

 

Frøylandstølen-Dokkolstølen

9 cachar, 2 km, lågast 540 moh – høgast 690 moh.
(Lagt ut 2/6-21, 4:10 pga lang ekstratur - på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: sjå over om Frøylandstølen.

Vurdering: Noko bratt er det jo, men det går bra.

Sti: 100%. Blåmerka og nødlingar.

Vegval: same kva rekkjefølgje du tek.

 

Mot Vaadlandsnuten

4 cachar, 1 km (toppen og ned), høgast 811 moh – lågast 667 moh (toppen og ned).

(Lagt ut 9/8-2020, brukte 5:00 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming – Saga og eg gjekk frå Madland og rundt via Solbjørgfjellet)

Kommentar: Eldste utlegget, desse har låge ute over eit år ved publisering.

Vurdering: Frå Madland er dette ein veldig flott topp-tur utan så mykje høgdeforskjell. (https://ut.no/turforslag/116161680/vadlandsnuten). Viss det er ein forlenging av turen til Frøylandstølen er det sjølvsagt noko tyngre stigning. Vaadlandsnuten er ein nydeleg topp med ditto utsikt!

Sti: 100%. Raudmerka frå Madland. Blåmerka via Frøylandstølen.

Vegval: same kva rekkjefølgje du tek.

 

Dybingen og Mot Dybingen

20 cachar (første fem felles med Møgeliarunden), 6 km, lågast 178 moh – høgast 376 moh. (Lagt ut 3/3-21, brukte 3:45 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Denne var ein av dei første ideane for utlegg, og eg hadde god tur allereie i sommaren 2020 for å rekognosera.

Vurdering: Relativ lett tur, tenkte eg. Ser at stien som er rundt halve vatnet ikkje er like god over alt. Eg anbefalar å gå turen i fint vår-vær - slik at du unngår høgt gras. Grusveg oppover i starten til du kjem til Dybingen. Sti vidare rundt til ca halvegs, ved lavvoen. Frå der er det Mulebu-sti (altså sti ein lagar sjølv) langs vatnet. 

Sti: 60%. Gulmerka eller markørplastikk, tydeleg sti. Siste 40% har av og til antydning til sti.

Vegval: ville gått stigande rekkjefølgje rundt Dybingen, men fullt mogleg å gå motsett og.

 

Møgeliarunden

15 cachar (første fem felles med Mot Dybingen), 4 km, lågast 178 moh - høgast 444 moh

(Lagt ut 27/3-21, brukte 2:45 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Vurdering: Relativ lett tur. Grusveg oppover i starten til du kjem stistart etter femte cachen. Noko meir stigning enn opp til Dybingen. Nydeleg og koseleg sti gjennom skog og ved vatn. Bratt nedstigning ned mot vegen.

Sti: 85 %. Gulmerka. Forsvinn litt på toppen, men cachane leiar deg trygt fram. Siste tre cachane leiar deg trygt på Mulebusti fram til parkeringa.

Vegval: ville gått stigande rekkjefølgje, men motsett er og mogleg.

 

Vallresrunden

34 cachar, 10 km, lågast 261 moh – høgast 885 moh.

(Lagt ut 5/3-21 og 2/5-21, brukte 5:00 og 4:50 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Aleksanderjuvet har fått namnet etter ein Aleksander som var på jakt. Han blei overraska av snøskred i dette juvet og omkom. Denne turen er tenkt starta frå nr 1 i Motland. Eg gjekk på utlegg i ein togang, først frå Giljastølen og over til Motland, og Saga og eg motsett på tur to. Ved å starta i Motland blir det ein flott rundtur. 

Vurdering: Aleksanderjuvet er bratt. Heldigvis er du oppe ila fem cachar. Då er du oppe og kan nyta ein fantastisk rundtur. Ved nr 29 har du flott utsikt over Dybingen og Gilja/Dirdal. Det er altså ein lettgått tur etter stigninga opp.

Sti: 100%. Blåmerka og nødling.

Vegval: ville gått stigande rekkjefølge.

 

Tur Vinjakula

25 cachar, 8,2 km (tur-retur), lågast 445 moh – høgast 907 moh.

(Lagt ut 6/6-21, brukte 5:10 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: https://ut.no/turforslag/115160/vinjakula-klassiker-med-panoramautsikt

Vurdering: Dette er ein krem-tur, med tur-retur i flott terreng. Startar noko bratt etter parkeringa, men god sti og cachar undervegs gjer turen til ein lek. Vinjakula er ein topp ein må vitja – god tur!

Sti: 100%. Merkeleg nok ikkje merka, men der er heller ikkje nødvendig.

Vegval: same kva rekkjefølgje du tek.

 

Trodlayrkjå-Maudalsvatnet

69 cachar, 16 km, lågast 251 moh – høgast 764 moh

(Lagt ut 2/7-21, brukte 8:10 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Denne turen er eg spesielt glad for. I starten tenkte eg tur-retur til Trodlakyrkja. (https://fjell-vandring.net/alle-turforslag/trollakyrkja-topptur-fra-maudal/). På første rekognoseringstur laga eg til ei runde oppe på fjellet, via Nedre Bleiavatnet. Det var kronglete på deler av denne ideen. Eg hadde og fått med meg planane om tørrskodd til Lanes – som “Foreningen for stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal” stod bak. Men ikkje nok med det – plutseleg såg eg ein av mine gode vener i denne foreninga – la ut blåmerka sti frå Trodlakyrkja og ned til Lanes og tilbake til parkeringa. Var faktisk med på å prega vegvalet til stien på toppen. Det var fantastisk lykketreff at dette blei gjort – og sjølvsagt måtte turen inn i GT2.

Vurdering: Ein fantastisk tur! Går ein rekkjefølgja så er det bratt start frå nr 3 av og opp til nr 6. Men det går greitt, og plutseleg er du på toppen, Trodlakyrkja. Etterpå følgjer du blåmerka sti og cachar vidare slik at du får sett “Spiret”. Mange går utpå her, men det er noko ein må gjera om ein vil og tørr. Urdalsknutane, ned til Fossbrekka (litt bratt), Lanesstronda, Lanes og imponerande arbeid med stien er noko av det du opplever her. Gleder meg til å gå igjen!

Sti: 100% Blåmerka og nødlingar.

Vegval: ville klart gått stigande rekkjefølge.

 

Kvitalandsfjellet

38 cachar, 9 km, lågast 55 moh – høgast 593 moh.

(Lagt ut 4/7-21, brukte 4:00 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Veldig nøgd med denne turen, som ligg nærme Saga sin barndomsheim, og der svigers framleis bur. Dette er kommentert på waypoint på den første og den siste cachen i runden. Ver ekstra varsom og diskret på nokre av cachane som ligg nærme folk, og bruk band på hunden gjennom saueflokkane.

Vurdering: Frå nr 1 til du er kome opp så er det litt stigning, ca 500 meter. Det er veldig flott å gå likevel, og med cachar på vegen er det meste ein lek. Fantastisk utsikt undervegs oppover og nedover. Runden sneier innom turen til Ramnstoknuten. Eit parti frå 27 til 30 er det nokre bratte parti nedover.

Sti: 100%. Gulmerka og blåmerka og nødla. I tillegg på gangsti og veg.

Vegval: ville klart gått stigande rekkjefølge.

 

Tur Blåfjellenden

32 cachar, 9 km, lågast 605 moh – høgast 878 moh. (Lagt ut 29/6-21, brukte 4:35 på utlegg.)

Blåtur til Kjærleiksbrua

5 cachar, 2,3 km, lågast 595 moh – høgast 650 moh (Lagt ut 29/6-21, brukte 1:20 på utlegg.)

Blåfjellenden-Mån

58 cachar, 16 km høgast 623 moh – lågast 155 moh (Lagt ut 30/6-21, brukte 10:30 på utlegg.)

Samla for desse tre turane:

Kommentar: Dette prosjektet har eg jobba med mest. Det startar med kontakt til reviewer (Hexa Nomos) i juni i 2020 og følgt opp med kontakt med Statforvalteren, kommuner og grunneigarar. Spennande å førebu noko slikt – og eg fekk meg eit støkk då det plutseleg dukka opp cachar på veg innover til hytta. Fire gode damar frå Ålgård hadde vore utom seg. Kjekt det – særleg si eg hanka inn ftt’ane. Bra for dei at eg ikkje hadde fått fingen ut – og bra for meg - for nå fekk eg gang! Saga og eg bestilte overnatting på Blåfjellenden turisthytte den 29/6 – og det blei ein glimrande og lang tur. 95 cachar i alt – og eg trur dei bør takast med overnatting. Blåturen er litt ekstra – og litt utover mine prinsipp – men måtte bare J Fin kveldstur!? Vær obs på at det er eit ekstra freda område på turen ned mot Mån, ca 1 km utan cachar.

Vurdering: Frå parkering Hunnedalen til Blåfjellenden er jo ein fin og relativ lett tur. Blåturen er fin og flat og ender ved ei effektiv fjellbru. Her kan du fri? Du bør overnatte – og starte tidleg frå hytta med retning Mån. Ha med god mat og drikke i sekken. Sjølv om turen er lang, så er den i lett terreng som går nedover. Det er fantastisk i denne dalen – gled deg! Her er lenke som skildrer både turen frå Hunnedalen til hytta, og frå hytta til Eikeskog (Mån): https://fjell-vandring.net/alle-turforslag/blafjellenden-turisthytte-til-man-og-fjelltoppen-blafjellenden/  

Sti: 100%. Raudmerka. Dette er bare krem.

Vegval: Tur Blåfjellenden og Blåturen kan sjølvsagt takast i kva rekkjefølge du vil. MEN, Blåfjellenden-Mån – den må du ta i stigande rekkjefølge – då går du jamt nedover.

 

Djupavatnet og Trettebu

13 cachar og 14 cachar, 14 km, lågast 48 moh – høgast 655 moh.
NB – sjå kommentar under om ruta.  

(Lagt ut 30/7-21, brukte 6:40 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: “Foreningen for stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal” stod bak restaureringa av Dokkolstølen, Frøylandstølen etterpå – og nå Trettebu. For ein gjeng!

Desse to turane har eg slått saman, og det treng ein sjølvsagt ikkje gjera. Her er det mange kombinasjonar av ruteval. Eg gjekk frå Giljatour #001 opp til Djupavatnet ved #013. Tok runden rundt Djupavatnet. Runden er naturleg ganske flat si den går rundt eit vatn. Vidare gjekk eg opp til Trettebu. Litt stigning i starten, men ikkje så galt. Etter at du har vore innom Trettebu, kjem ein til slutt fram til Giljatour #043. Eit naturleg vegval vidare er ned til Dokkolstølen og ned til vegen, noko som eg gjorde. Det er det som blir 14 km som oppgitt over. Viss ein heller vil så tek ein rundtur tilbake til der du starta – eller går frå Dokkolstølen og over til Frøylandstølen – det er jo tre støler på ein tur!

Vurdering: Begge desse turane er enkle å gå kva for seg og i lag – utfordringa er sjølvagt at det er litt bratt opp. Men det er i motbakke det går oppover – så det går bra. Svært kjekke turar som viser fram nydelege plassar.

Sti: 100% blåmerka og nødlingar.

Vegval: same kva rekkjefølgje du tek.

 

Gjesdalnuten

13 cachar, 4 km, lågast 122 moh – høgast 415 moh.

(Lagt ut 29/7-21, brukte 2:45 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Denne er den mest spontane turen – og den med mest Mulebusti! GT2 – med gjesdalfokus – kan eg få noko nærmare Gjesdal? Det meste er oppteke rundt om – men kva med ein rundtur til Gjesdalnuten! Som sagt så gjort. Her går du på grusveg i starten, deretter er det bratt. Sjølv om det er bratt, så har det blitt ein god tur. Ikkje gløym av topp-cachen – og cachen ved springbrettet for hanggliding. Eg har og gjøymt ein ekstra overrasking til herr Mulebu ;-)

Vurdering: Denne turen er stort sett utanfor sti. Bratt opp og noko bratt ned. Nokre partier på veg ned skal du gå forsiktig, ikkje farleg – bare sjå kor du trør, særleg ved høgt gras.

Sti: 15% på grusveg.

Vegval: ville klart gått stigande rekkjefølge.

 

Toppturen

19 cachar, 8 km, lågast 60 moh – høgast 694 moh.

(Lagt ut 8/8-21, brukte 6:00 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Dette er ein topptur! Og i den forstand at den er heilt topp! Det er rett og slett ein av mine favorittar! Alle cachane her har fått eige namn – og du kjem til veldig flotte og spennande plassar på denne turen. Du får til og med gå inn i ei syllgruva! Pass på å få med deg cachen Grøknuten, ein av favorittane til Mulebu.

Vurdering: Du får kjørt beina og musklane på denne turen, men den er og veldig gjennomførbar for dei fleste. Noko bratt på veg ned. Og opp. Går bra.

Sti: 100% blåmerka og nødlingar.

Vegval: gå stigande rekkjefølge her! – det er ein multicache som absolutt er lurast å ta den vegen.

 

Tur Ramnstoknuten

18 cachar, 8 km + 2 km (tur-retur), lågast 422 moh – høgast 540 moh

(Lagt ut 18/8-21, brukte 3:30 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Dette er ein fantastisk topp – Gjesdal sitt svar på Romsdalseggen. Terrenget oppe på fjellet er nydeleg. Gled deg.

Vurdering: Relativ lett tur – då vegval a), sjå under. Alternativ b) er relativt hardt opp, men så verdt det. Relativt lett tur vidare.

Sti: 100%. Blåmerka.

Vegval: To anbefalte turforslag her:
a) Giljastølen-Ramnstoknuten: (Det var slik eg la ut). Parker ved gitt punkt. Bom blir stengt. Her er det lurt å ta med sykkel, det hadde eg.
b) Dirdal havn-Ramnstoknuten-Giljastølen: Gå Mulen opp, ta med deg dei fem-seks tradisjonelle cachane der + labcachen «Fantastic nature of Dirdal: Mulen og Ramnstoknuten». Då får du og med deg ein bonuscache på toppen. Deretter er du klar for resten av turen fram til Giljastølen. Denne turen krever at litt planlegging av henting og bringing, eventuelt sykkel i enden som tek deg tilbake til Dirdal havn

 

Strålausheia rundt

30 cachar, 2 km + 15km + 2 km, lågast 914 moh – høgast 1142 moh.

(Lagt ut 21/8-21, brukte 8:45 på utlegget, inkludert pausar, vasing, vurderingar av hint, koordinatbestemming)

Kommentar: Då denne ideen dukka opp blei eg glad – dette måtte eg få til. Først bestilte Saga og eg overnatting på Langavatn 14/8, det skulle halde ift fristar for utlegg. Dessverre blei det meldt farleg dårleg vær, og me måtte avlyse. Eg var i dialog med Hexa Nomos, og fekk lov å klargjera denne innan 22/8. Fantastisk. Stod opp 04:30. Frokost i bilen. Sykkel med, glimrande for tur-retur 2 km i starten/slutten. Dette blei ein heilt magisk tur. Vindstille, sol, fjell, sti, stillhet, natur. Eg anbefalar denne turen veldig, men vil og seia at den bør takast når det er fint vær, og helst etter at det har vore tørt nokre dagar. Kan sjølvsagt kombinerast med overnatting på Langavatn turisthytte.

Vurdering: Dette er ein lett langtur – eigentleg. Det er lite stigning og lang strekning, og lettgått sti og etter kvart lettgått fjelllandskap.

Sti: 70%. Raudmerka fram til nr 16. Etterpå er det mulebusti som er enkel å følgja pga cachane og waypoints og ope fjell-landskap. Nyt.

Vegval: ville gått stigande rekkjefølgje, men motsett er og mogleg. Eg syns det var kjekt å gå mot høgdepunktet til slutt.

Under er bilete eg tok 07:43 den morgonen - det blir ikkje betre enn det! God tur alle saman laugh

 

 

Additional Hints (Decrypt)

Bccå fgrvara, yvgr whyrger. Yåtg.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)