Skip to content

AdVest 2018 #6 - Auglend av Store Svela Traditional Cache

Hidden : 11/12/2018
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Her finner du fornminne "Auglend av Store Svela", gardsanlegg frå romertid og folkevandringstid, omlag 200e.Kr. – 550e.Kr.

Gardsanlegget på Auglend ligg i kupert terreng med vidt utsyn mot dalen. Hustuftene vart arkeologisk undersøkte av museumsdirektør Jan Petersen 1928-31.

Parker ved informasjonskiltet som er noen meter frå cachen.

Vil du sjå fornminna må ta omsyn til husdyr i utmarka. Ta ikkje med hunden.

 

HUSA

Her er restar etter 4 hus. Dei 3 store har alle hatt indre trevegger med ytre murar av stein til vern mot ver og vind.

Når var dei i bruk?

Hus nr. 1 og nr. 4 var  i bruk alt i yngre romartid (200-400e.Kr.), men hus nr. 4 vart tidleg forlate. Dei tre andre husa vart brukte gjennom folkevandringstida (400-550 e.Kr).Funn av brende nøtteskall, never, bark og trekol tyder på at hus nr. 1 og 2 er brende.

Interiør

Hus nr. 1 er 41 m langt og 7-8 m breitt, utan indre skillevegger av stein. Golvet i vestenden av huset var dekt av flate steinar. Midt i huset var berre den sentrale delen dekt av stein med jordgolv langs veggene. I aust var det berre jordgolv.Det var fleire eldstader i huset, og det største var ei åregrue på 2 m x 1 m. Dei to andre langhusa hadde og fleire eldstader. Hus nr. 4 var delt i 3 rom.

Hus nr. 3 kan og ha vore bustadhus med ein eldstad midt i huset.

LIVBERGING

Husdyr

Vest for hus nr. 1 er ei inngjerding av stein, og ut frå denne går to paralelle steingardar. Dette er geilen som førte dyra frå fjøset til utmarka. Restar av dei gamle steingardane kring innmarka kan ein enno sjå i norvest.

Dyring av jorda

50 rydningsrøysar viser at innmarka har vore rydda og dyrka og åkerreiner nær husa fortel kor åkerlappane var.

Funn

I langhusa vart det funne keramikk-bitar, spinnehjul, kvernsteinar, bryner og jernslag. I det litle huset vart det berre funne keramikk og slagg.

GRAVENE

Det er 21 gravrøysar på feltet, 1 langrøys og 20 runde. To av gravrøysane er svært store med diameter på 25 m og nest 5 m høge. Ingen av gravane er granska av arkeologar.

Stein frå hustuftene og frå den gamle steingarden rundt innmarka er sidan nytta til å byggja den nyare steingarden tvers over feltet.

 

Kilde; Informasjonskilt på plassen.

 

 

Additional Hints (Decrypt)

haqre gerxhoor yvxr irq owøex

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)