Herang TB-hotell
TB-hotellet har felles parkeringsplass med Herangtunet og Herang hotell. Tunet er eit interessant bygdetun, hotellet er mellom dei mest spesielle i landet, prøv det!
Herang var det gamle namnet på Heggefjorden. Namnet vart i ny tid først brukt på hoppbakkane som låg nordvendt med unnarenn ned på isen. Den største hadde k-punkt på 70 m og livsfarleg profil. Den mellomste var litt mindre, men nesten like farleg. Den minste var i bruk til for omlag 60 år sidan. Denne bakken hadde ein nesten moderne profil, ganske god å hoppe i og k-punkt på 40 m. Sist på 1950-talet vart det bygd skogsbilveg over unnarennet, då vart det slutt på hopphistoria i Herangsbakken. Eg sette personleg rekord der i 1957.
Ein generasjon seinare vart det bygd nye bakkar på andre sida av Løkjeshøvda, heller ikkje desse bakkane er i bruk no.
Fossen i elva er Storefoss. Nede i juvet her er den fyrste kraftstasjonen i bygda, bygd av Valdres Skiferbrudd i 1907. Krafta vart brukt til trekkraft til dei kompressorane skiferbrotet kjøpte etter anlegget av Bergensbanen.
Denne cachen voktes av: