Skip to content

Skora - HodR #7 Traditional Geocache

Hidden : 7/9/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Skora - HodR #7


HodR - er en serie cacher som Geocachelauget legger ut. Det er cacher plassert i tilknytning til kulturminner og steder som har historisk verdi, helst fra før år 1900. HodR har navnet etter Hod, som er det gamle navnet på Hareidlandet, og R som er runemerket kulturminner er merket med i kart og oppslag. Tilsammen blir dette HodR.



I fylgje bygdebok for Ulstein og Hareid, bind VI: Oppe i utmarka på Melshornsida, att med ein gamal ferdsleveg som går til Røyset, ligg Skora. Denne vegen vert kalla "Skuravegen -eller Skoravegen". Der er liksom ei kløft i fjellet, og det syner (red.anm. framtil 1992) tufter etter hus som har stått der. (red.anm. berre noko er synleg no).
Skor er nemt i 1603 då ein Rasmus Skor la pengeskatt. Ein Ole Skor er nemd i 1613 og 1614. Dessutan står der at leidangs -og tiendmanntalet frå 1607 viser at ein Rasmus og Oluf budde der saman. Oluf er truleg same personen som den tidlegare nemd Ole - og sidan Rasmus hadde Olson til etternavn, kan det tenkjast at dei var far og son. Rasmus vart utskriven til soldat i 1611 og deltok i Kalmarkrigen, som han aldri kom att frå. Faren vart buande i Skora til 1615, då heiter det at "Skor er øde". Seinare har garden vore brukt til beite og utslott. Bygdeboka omtaler individet "Skora-Maggio/ Skora-Maggi" som "Skure-Meggja": Når det var noko meir en vanleg, brukte folk på Ulset å seie: "Det er som det skulle ha vore "Skure-Meggja".



I fylgje folkemunne:

I ei kløft i den nord-sørgåande Melshornryggen mellom Ulset og Røyset låg ein gong buplassen Skora. Kjelder fortel at her budde folk tidleg på 1600-talet. I fylgje kjelder har antakeleg plassen ikkje vore nokon skikkeleg gard. Det var ein liten plass - ein husmannsplass. Mannen som budde der sist skal ha reist i Kalmarkrigen og aldri kome att.
Den siste som budde der sa dei heite "Skora-maggio" - kanskje ei kvinne. Ei kjelde fortel at det var ein mann "Skora-maggi". Han skal i fylgje kjelda ha vore ein av to menn som vart utrusta til Kalmarkrigen. Nokre ting er litt usikre fordi historia er gjenfortellingar gjennom tidene.

Plassen Skora ligg som ei "stasjonsgrend" i Skoravegen som har framhald til Kaldhol og vidare om Hareidsberget og ned til Hareid - under namnet Kyrkjevegen. Skora-plassen skal også ha hatt dyrka mark.
Ei kjelde har tidlegare sett tre murar etter Skora-garden, men dessverre har forlenginga av skogsvegen opp fra Ulset-gardane vorte lagt midt gjennom tunet. I dag er det berre att eit hjørne - kanskje av eit uthus - på austsida ta vegen og delar av ein mur på vestsida, slår kjelda fast.
Skorahus-tuftene er der skogsvegen har ein brekk og flatar litt ut.

Eit segn fortel at der også var eit dyr i skogen der - som lét veldig, serleg i fine haustkveldar. Når dette dyret lét, måtte ein ikkje gå på skoravegen for dette var farleg.
Vi kan samanfatte ei historie slik: Det var ein ung mann i Kaldholen som hadde tenkt seg til Hjørdalen for å fri. Mannen var Elias Kaldhol (1827-1911). Undervegs råka han på Petter Andreas Røyset, som åtvara han mot å gå: "Ej he haurt bokkjen uti bergja. Han he heldt på og sleggje tre gongje!" sa han. Han skal også ha sagt: "I kveld e det vér åt skora-trollet, det så mykje skodde!" Men Elias brydde seg ikkje om åtvaringane og la i veg. Ute i berget mellom Røyset og Ulset høyrde han dyret, og fekk støkken i seg. Han heldt fram til Hjørdal i frykteleg fart - og var så sveit då han kom fram, at han måtte skifte skjorte. Dei måtte og legge han ned fordi han vart "so ringe", heiter det. I ein verson hadde Elias tre gonger høyrt ein mann kome "hæsande" bak seg. Men kvar gong han snudde seg, var der ingen. Då la han på sprang det han makta.



Cachen inneholder loggbok. Ta med skrivesaker (BYOP).





Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)