Frå Storevarden, 220 moh., har ein god utsikt til havet og øyane omkring. Like i nærleiken ligg Sund kommune sitt høgste punkt, Veten, 284 moh. Når ein ser opp mot Veten kan ein sjå fjellveggen der eit Catalinafly kolliderte i 1948. På toppen av Veten står eit minnesmerke frå denne ulukka.
Turstien til Storevarden er ein del av "ord i spreke spor". Dette er ei turløype som har som mål å kopla saman fysisk aktivitet, natur-, kultur-, og litteraturopplevingar. Kulturløypa, som startar ved Stranda skule og går opp til Storevarden, vil skape undring og overraskingar på plassar der ein minst forventar det.
Ein stor gitar er plassert i starten av turløypa.