Talgje Kyrkje Traditional Cache
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:  (small)
Related Web Page
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Talgjekyrkja er den eldste i Finnøy kommune. Ho blei oppført midt på 1100-talet i romansk-normannisk stil, og er truleg bygd av Stavanger domkyrkje sine steinhoggarar. Kyrkja har eit avlangt skip og firkanta kor med halvrund avslutning (apsis). Eit pavebrev frå 1355 fortel at kyrkja var vigd til helgenen Maria.
På korbogen finst sikksakkornament som er karakteristisk for den normanniske stilen. Den rikt dekorerte rundboga sørportalen blei flytta til det nybygde våpenhuset under restaureringa i 1870. Originale vindaugo finst berre i nordveggen i skipet og i vestgavlen, medan dei andre er utvida.
Berre alteret av stein er bevart av inventaret frå mellomalderen. Altertavla og preikestolen er i renessansestil laga av Lauritz og Thomas Snekker i 1620-åra og malt av Gotfried Hentzschel i 1634-35. Kyrkja blei restaurert av arkitekten Eivind Moestue i 1939. (Kilde: www.fornminner.no)
Additional Hints
(Decrypt)
Onx fgrvairtt zbg xybxxn, aæe uwøearg / Oruvaq fgbarjnyy snpvat gur oryy, arne pbeare