Skip to content

Flatdal landsby Traditional Cache

This cache has been archived.

Gamlemor-bæææ: Arkiverer denne da den hadde ei utsatt plassering og ga ikke den helt store opplevelsen.

More
Hidden : 1/21/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Flatdalsbyen




I Norge er det heilt uvanleg at hus og tun er samla i ein landsby, og det som på folkemunne blir kalla "bygdi" i Flatdal, er ein av svært få autentiske norske landsbyer. Her er 10-12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein tett huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3.000 dekar store flata utover mot Flatsjå.

Forklaringa på dette uvanlege busetnadsmønsteret er at den flate dalbotnen frå gamalt av har vore sterkt utsett for flaum. Frå landsbyen til Flatsjå, ein strekning på ei halv mil, fell terrenget berre med ni meter. Husa blei derfor lagt der det var høgast. Men ikkje eingog der var ein trygg. I 1822 var det flaum og elva braut nytt løp. Vatnet stod då over stogegolva, og 18 høyløer blei tekne med vatnet og ført ut til Flatsjå. Vatnet stod oppå kyrkjetrappa, og vatnet grov så ein såg kistene i to graver på kyrkjegarden. I 1938 var det òg ein stor og øydeleggande flaum.

I For å stå imot dei øydeleggande naturkreftene, har flatdølane i tre omgangar mellom 1870 og 1942 senka utløpet av Flatsjå. Det er og bygd mur langs elva. I 1969-70 vart Sundsbarmvatnet regulert, og faren for oversvømmelsar er nesten borte.

Kor gamal busetnaden i landsbyen er ikkje sikkert, men det finst dokumentasjon på at somme av gardane var der i mellomalderen. Dei fleste har namn som endar på -garden eller -stogo.


Landsbyen er verna som kulturminne.

Meire stoff om Flatdal finn du her.

CACHEN ER EN LITEN RUND BOKS

Additional Hints (No hints available.)