Skip to content

Landemerke, men ingen brurestein Traditional Geocache

Hidden : 8/15/2010
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Landemerke, men ingen brurestein på Vrådalsheia

Foto: Sonja Holmberg - kona til avigerus
 

 I Drangedalsposten 20.09.07 står det om Bruresteinen som Ukas landemerke. Steinen ved Langmyr på Vrådalsheia er ingen brurestein frå gamalt av, men eit eksempel på at segner kan vandre i dag også. Bruresteinsegna er knytta til Lone-kromlene der sommarvegen frå Bø til Øvre Tørdal alltid har gått i steinura mellom elva og bratte lia på innsida. Der låg det ein stor stein i lia ovafor vegen, og det knytte seg den spådomen til steinen at den ville rase ut og drepe den finaste brura som reid forbi for å bli gift i Tørdal kjørke. Overtrua var sterk og ei brur som trudde at ho var overlag vakker, ordna det slik at brurefølgjet for fram i ulendet på andre sida av elva, og brura blei helst til spott og spe. Då vegen kom i 1880- åra, klara vegslusken å få steinen laus så han sklei ned ned i elvekanten. Bestefar som var fødd i 1875 hugsa dette, og har fortalt segna mange gonger, og segna er velkjent i Tørdal.


Om steinen ved Langmyr er det typisk at ingen har hørt om han som brurestein før ca. 1950. Etter det blei han visst ofte nytta som poeng i bryllaupstalar når paret var vigd i Tørdal kjørke og feiring skjedde på hotell i Vrådal. Ca. 1970 kom det opp ei tretavle som ingen veit kven sette opp, og den gjengav hovudtrekka i segna frå Lone-kromlene. Grunneigaren Olav Ibrekk i Vrådal og Knut Brosdal er rimelig sikker på at det først var etter 1950 at det blei knytta ei slik segn til steinen ved Langmyr. Dessutan kom det først veg over Langmyr då vegen Merkebekk –Steane blei bygd 1874-1886. Før det gjekk den gamle ridevegen over åsane nærare Kaldvatn. Steinen ser faretrugande ut der han ligg, og alt i 1950-åra hørte eg av Knut Langmyr at vegkarane hadde prøva med ei sterk våg og dei rugga ikkje steinen. 

 Lerserinnlegg av Harald Lone

Foto: Sonja Holmberg - kona til avigerus
 


Cachen er en regular og inneholder ved oppstart:

  • Loggbok og blyant
  • Div. kulepenner
  • Informasjon om geocaching
  • FTF-gave
  • Bytteting

enda en avigerus 2010-cache

                 

Additional Hints (Decrypt)

Pybfr gb zbhagnva oruvaq / va n zbhagnvapenpx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)