Operahuset Nordfjord
Operahuset på Nordfjordeid i Sogn og Fjrordane stod ferdig i
2009 og er det einaste Operahuset i Noreg utanfor Oslo. Den store
konsertsalen med 550 plassar inne i bygget er spesielt tilpassa
akustisk musikk, som til dømes kammermusikk, klassisk og
opera.
Det lokale operamiljøet i Opera Nordfjord har kvart år sidan 1998
sett opp ei større, eigenprodusert operaforestilling på
Nordfjordeid. Frå og med 2009 blir denne forestillinga sett opp i
det nye Operahuset. No har Opera Nordfjord millionstøtte over
statsbudsjettet og spelar for minst 10 fulle hus kvar haust.
I tillegg til den årvisse operaframsyninga på hausten har Opera
Nordfjord mellom anna operagalla, operaworkshop om sommaren og
sette i februar 2010 opp Verdis Requiem. Som aller første
framføring i operahuset var det i april 2009 verdspremiere på
konsertversjonen av operaen Tyrfing av Johannes Haarklou.
?
Inne i Operabygget finst også Eid vidaregåande skule, kino og
bibliotek. Ved å slå alle desse behova saman, og å dra vekslar på
den enorme dugnadsånda i lokalsamfunnet, har det vore mulig å
realisere draumen om Norges første operahus utanfor Oslo - i ei
kommune med berre 6.000 innbyggarar. Bygget kosta ca 180 mill NOK
og er teikna av arktitekfirmaet Nordplan AS.
På ein betongvegg utanfor Operahuset er det prega inn formlar
frå den verdskjendematematikaren Sophus Lie, som vart fødd på
Nordfjordeid i 1842.
The Opera House at Nordfjordeid, Norway, was completed in
2009 and is the only Opera House in Norway outside Oslo. The large
concert hall with 550 seats inside the building is made for
acoustic music such as chamber music, classical and opera. The
local opera organisation in Opera Nordfjord has every year since
1998 produced its own opera production at Nordfjordeid.
From 2009 this annual production will be staged in the new Opera
House. In addition to the annual opera each autumn Opera Nordfjord
arranges opera gallas, opera workshop in summer and hosts a lot of
concerts all year round with a wide range of orchestras and
artists. The first ever performance in the opera house was in April
2009 the world premiere concert version of opera Tyrfing of John
Haarklou.??Inside the Opera House is also Eid high school, cinema
and library. By combining all these needs, and with huge voluntary
efforts from the local community, it has been possible to realize
the dream of Norway's first opera house outside of Oslo - in a
municipality with only 6,000 inhabitants.
A concrete wall outside the Opera House is decorated with
formulas from the world-famous mathematician Sophus Lie, who was
born in Nordfjordeid in 1842.