Fritz Røed Skulpturpark
Posted by: Groundspeak Premium Member Geo2m
N 58° 44.198 E 005° 38.597
32V E 305729 N 6515592
Fritz Røed Skulpturpark på Bryne.
Waymark Code: WM8X92
Location: Rogaland, Norway
Date Posted: 05/25/2010
Published By:Groundspeak Regular Member caverspencer
Views: 34

FRITZ RØED
Ein av Noregs mest kjende bilethoggarar Fødd på Bryne 15. august 1928 Foreldre: Ruth Soma og Harald Røed Flytta til Oslo som 9-10 åring, men heldt kontakten med Bryne gjennom heile livet Kunstutdanna i Noreg, Danmark og Frankrike (Kunstakademiet 1948-1951, Akademiet i København 1951, Academie de la Grand Chaumiere, Paris 1952) Har hatt ei rekke seperatutstillingar og delteke på kollektivutstillingar i inn- og utland Debuterte på Høstutstillingen 1956 "Sverd i fjell" ved Hafrsfjord er hans mest kjende verk, og symboliserer samlinga av Noreg Fritz Røed har skulpturar, monument og utsmykkingar i ei lang rekke byar, og på Bryne finst blant andre statuane Veslemøy (1974) og Garborg (2001) Frå omlag 1970 budde Røed mykje av tida i Villa Faraldi i Italia, men arbeidde og oppheldt seg og ein del i Mexico og Noreg Fritz Røed døydde 21. desember 2002

GLADKUNSTNAREN
Fritz Røed tilhøyrde den generasjonen som vart vaksen rett etter krigen, og som var prega av ein eventyrleg optimisme og tru på framtida. Han var ein av dei mest aktive norske bilethoggarane frå 1950-talet og utover i hundreåret.
Røed braut med det tradisjonelle og ofte nasjonalt monumentale som han tykte var både pompøst og utgått på dato, og demokratiserte kunsten – gav han til folket så og seia – for han ville kunst skulle vera eit fellesgode. Han såg faktisk for seg at mange av tinga hans kunne masseproduserast, slik at flest mogleg kunne ha glede av dei.

DET ER MYKJE MEIR I PARKEN ENN DET AUGA FØRST SER
Regn, snø og tåke er fantastisk! Bakgrunnen blir dempa. Han sluttar å forstyrra synsinntrykket. Skulpturane kjem fram og syner seg frå sine beste sider. Vêret kan mest ikkje bli dårleg nok. Prøv det. Oppdag skulpturane når vêret gjer sitt beste for å halda deg innomhus. Skulpturane til Fritz Røed er ei uuttømeleg kjelde av opplevingar. Årstidene, lyset og kvar einaste vinkel du ser ein skulptur frå, gjev deg noko nytt. Her er nitidige detaljar, leik og mengder av kjensler. Detaljane er kanskje Fritz Røed sin største styrke. Dei har nesten en Picasso-snert. Legg særleg merke til korleis håret er oppsett på skulpturen "Fred": Fantastisk! Få bilethoggarar skaper så mykje uttrykk i ansikta som Fritz Røed. Sjå på vedunderlege "Carnevale a Venezia", kjenner du att Mona Lisas underfundige smil? Oppdag roen, men óg melankolien, i "Fred". Kva fortel "Pierrot" og "Lita søndagsprinsesse" om born sine tankar? Sjå det, og sjå det omatt. Desse ansikta har historier å fortelja deg. Fritz Røed var svært glad i det ekte, det enkle og den gode kvaliteten, enten det galdt mat eller eige arbeid. Han utvikla seg som kunstnar gjennom hele livet. Hadde han fått leva lenger, trur eg han hadde hatt fleire av sine beste kunstnariske år framfor seg. Gjennom skulpturparken har Fritz Røed gitt oss ei livfull og leikande inspirasjonskjelde som er universell og tidlaus.

Gioia di vivere LIVSGLEDE:
Sola, varmen og livsgleda frå Middelhavet strålar frå skulpturane i Fritz Røed skulpturpark. Parken opnar nye dører mot verda for brynebuen. Sjølv var Fritz Røed verdsborgar og innfødd brynebu. Litt av verda hans, og då særleg Villa Faraldi i Italia, kor han budde dei siste 25 åra av livet sitt, er komen oss nærmare. Banda som no er knytte til Villa Faraldi, både offisielt og kjenslemessig, byggjer bruer som kan få Bryne meir ut i verda, og verda nærare oss. Det kan gjera oss rikare på opplevingar, inspirasjon, kunnskap og toleranse. Me har fått eit sterkare mål, ja nærast ei plikt, til å byggja byen vår på livsglede. Gioia di Vivere.

Google translate: (visit link)

Some english info: (visit link)
Figure Type: Combination of two figure types

Artist Name or use 'Unknown' if not known: Fritz Røed

Date created or placed or use 'Unknown' if not known: 1. oktober 2004

Materials used: Bronse

Location: Bryne

Name or use 'Unknown' if not known: Not listed

Visit Instructions:
Please upload at least one photo you have personally taken of the sculpture and tell us a little about your impressions of the piece. Additional photos are always appreciated.
Search for...
Geocaching.com Google Map
Google Maps
MapQuest
Bing Maps
Nearest Waymarks
Nearest Figurative Public Sculpture
Nearest Geocaches
Create a scavenger hunt using this waymark as the center point
Recent Visits/Logs:
Date Logged Log User Rating  
Abused wrote comment for Fritz Røed Skulpturpark 05/08/2021 Abused wrote comment for it
Pica42 visited Fritz Røed Skulpturpark 12/28/2020 Pica42 visited it
Imit42 visited Fritz Røed Skulpturpark 12/12/2012 Imit42 visited it
2v visited Fritz Røed Skulpturpark 09/25/2011 2v visited it

View all visits/logs