Skip to content

Dagen for å vøle sko Traditional Geocache

Hidden : 11/21/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Denne cachen var ein del av Osloregionens adventskalender i 2017.

 

 

 

Sjette desember vart feira for å minne St. Nikolaus. Han var biskop i Myra i Lille-Asia på 300-tallet. Han vart fengsla på grunn av si tru av keiser Maximinius. St. Nikolaus skal ha redda tre jenter som faren ville selge til prostitusjon fordi han mangla penger til medgift. Ei natt kasta St. Nikolaus tre sekker gull inn vinduet og redda dermed jentene frå den grusomme sjebnen. Det var dette som utvikla seg utover mellomalderen til å bli ein tradisjon med å gje gåver. Luther flytta gaveoverrekkinga til julekvelden. Historia rundt St. Nikolaus heldt seg likevel, særleg i Holland. Tradisjonen vart tatt med til USA, og blanda seg med den engelske Father Christmas. Navnet St. Nikolaus utvikla seg til det me no kjenner som Santa Claus.

 

 

På primstaven er sjette desember merkt med ein bispestav,bispelue, hjul eller kross, og vart kalla Nilsmesse.

 

I Nederland var det vanleg å sette fram ein sko eller ei strømpe på kvelden den femte desember med godsaker i til St. Nikoalus (Sinterklaas). Han kom då å la gaver i skoen/strømpa. Dette er noko me kan kjenne att, både den tradisjonelle julestrømpa mange bruker den dag i dag, og ikkje minst julestrømpa.

Men i Noreg var det også ein heilt annan tradisjon den sjette desember; nemleg å lage eller vøla sko denne dagen. Å reparere slitte gjenstander var så klart heilt nødvendig før. Dei nevenyttige hadde stor respekt i samfunnet, og dei klarte seg greit. I dag blir me meir og meir sugd opp av forbrukarsamfunnet. Kanskje det hadde vært ein ide å stoppe opp litt, lese vår historie og ta fram nål og tråd?

 

 

Området cachen er i, kan ein kome til ved å ta 31 bussen til Tonsenhagen Torg, t-banen til Linderud eller kjøre og parkere langs gata - sjå vegpunkt.

 

Additional Hints (Decrypt)

oynag ger

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)