Skip to content

Homsland Fornminne (AdV#18 2013) Traditional Geocache

Hidden : 10/10/2013
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Homsland

Gardsanlegg frå folkevandringstid og tidleg mellomalder

l nordvestenden av Homslandsvatnet ligg øydegarden Homsland. Her har det vore busetnad i folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.) og i høgmellomalderen (før 1350 e.Kr.) og kanskje også på 1600-talet.

Kva ser vi her?

Anlegget består av minst fire hustufter, geil, fleire gardfar, 50-100 rydningsrøysar, tre åkerreiner, brønn, nausttuft, båtopptrekk og to gravrøysar. Gardsanlegget har ikkje vore arkeologisk undersøkt. Husa Tuftene ligg vegg i vegg, men alle har neppe hatt hus oppå seg samtidig. Veggene har vore bygde av store steinar. Den største tufta er delt i fire rom og har hatt inngang mot NNV. Det kan ha vore eit bislag utanfor døra.

Kva levde dei av?

Husdyr:

Mot vest har det lege to kve. Frå desse har husdyra vore førde mellom to parallelle steingjerde - geilen - til utmarka.

Fiske:

Inntil gardfaret i aust ligg eit båtopptrekk nedgrave i bakken. Inntil det eine gardfaret i sør ligg steinmurane etter ei nausttuft. Nær hustuftene ligg vassholet eller brønnen.

Dyrking av jorda:

Rundt innmarka ligg det fleire gardfar som har verna åker og eng mot husdyra. Fleire kraftige åkerreiner fortel kor jorda har vore dyrka. Hustuftene med kve og geil.

Gravene:

l den austre delen av området ligg to gravrøysar, bygd av større stein og delvis dekka av grastorv. l rundrøysa kan ein sjå eit gravkammer i den nedrasa toppen. Midt i langrøysa har det truleg vore eit mannslangt gravkammer med flate heller. Begge gravene har vore plyndra.

( kilde: Fornminne.no )

Parker på tilvist plass. Bruk gjerdeklyvarane. Skjul cachen slik den var. Vis respekt for fornminnet og hugs at hunder har bandtvang, her er det husdyr på beite store deler av året. Terrenget kan være noe bløtt, så det kan være lurt med gode sko

Da ønsker jeg dere en fin tur

Have fun, Go Geocaching.

Additional Hints (Decrypt)

Ybj orgjrra gjb fgbarf

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)