Skip to content

Urdalen Traditional Geocache

Hidden : 5/10/2010
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

NÅR DU SKAL TIL URDALEN MÅ DU KJØRE EIN STIKKVEG SOM TEK AV FRÅ EIDSBORGVEGEN ETTER ALLE DEI KRAPPE SVINGANE FRÅ DALEN MOT EIDSBORG. DET STÅR HEIMLAGA TRESKILT MED "LÅRDAL" I VEGSKILLET.

Koordinatene i vegkrysset er :N 59° 27.154 E 008° 01.221


VÆR FORSIKTIG NÅR DU SVINGER AV - AVKJØRINGA KJEM BRÅTT PÅ !!



Det er utruleg at det kan ha bodd folk her. Jorda ser skrinn ut, og det er lite vatn å finne. Det er bratt ned mot Bandak, og vanskeleg å tenkje seg at ungar har vekse opp her!

Tarjei Førstøyl har skrive litt om dette:

Det stadig aukande folketalet frametter 1800-talet skapte rift om jordi og rift om brødet.I dei ville Bandaksfjelli fanst det små, solvende jordlappar som kunne ryddast og dyrkast, slik som her oppe i Urdalen. Her grodde det fram ikkje mindre enn tri husmannsplassar frå 1850-talet og frametter. I 1875 budde det i alt 13 menneskje på dei tri bustadane. Dette året sådde dei tilsaman 3/8 tunne bygg og vel seks tunner jordeple på åkerlappane sine (1 tunne = ca. 145 liter), samstundes som dei fødde tri storfe, elleve sauir og tri geitar. Urdalsplassane vart ned- lagde på 1880-talet, men hustufter, murar og rudningsrøysar er framleis den dag i dag klåre vitnemål om folket som fann livberging her.

Ein må rekne med å bruke omlag 1/2 time på turen frå parkeringsplassen og fram til Urdalen. Stien er noko ujamn og har ein stigning på omlag 120 m.


Cacheplassen ligger nær stup ned mot Bandak, og passer IKKE for barn.

Cachen er ein rund, liten boks som inneheld logg og blyant.

Additional Hints (Decrypt)

zryybz ebg bt fgrva / orgjrra gur ebbg naq fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)