Skip to content

Røynlid Traditional Geocache

Hidden : 7/9/2008
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Røynlid

- ei utslått i fjellet.



Røynlid var ei utslått som høyrde til garden Byrkjenes. Det galdt om å ta vare på høyet i gamle dagar. Sjølv om Røynlid låg høgt til fjells, blei høyet teke vare på og frakta ned til garden når det blei sledeføre. Det var ikkje mindre enn tre høyløer her - den eine stod framleis så seint som i 1990, men no er alle tre nedfalne og dei morkna restane er alt som kan fortelja om tidlegare tiders slit.
Staden er nemnt så tidleg som i matrikkelen frå 1723: "En plads Reunelid i fjeldet sår intet, men høet føres hjem til Birkenes, kan føde 3 kyr og setes derfor i skatt 6 mark".

På ein fjellgard som Byrkjenes måtte ein nytta kvart grasstrå skulle ein overleva og det var fleire utslåtter rundt om i tillegg til myrslått og liaslått. Alt skulle takast vare på, alt måtte slåast med ljå eller stuttorv og det meste måtte berast heim på ryggen.
Det blei hermd etter Robert Birkenes, som var siste bonden på Byrkjenes: "Ein blei aldri ferdig med slåtten på Byrkjenes, men når det klaka på brynet laut ein gje seg". Siste gongen Røynlid blei slått var i 1946.



Slik ser høyløa ut i dag.

Det er fleire måtar å komma seg til Røynlid på, men det enklaste er nok å ta bomvegen mot Byrkjenes, parkera ved N60° 17.304 - E6° 03.591 og følgja traktorvegen eit stykke. Er du heldig greier du å finna stien når denne tek av frå traktorvegen (Vegdele N60° 17.416 - E6° 03.658).
Ein annan brukbar veg går opp gjennom granskogen på nordsida av elva ved parkeringsplassen ved enden av Byrkjenesvegen. Denne vegen er litt kortare, men tyngre og brattare.
Samme kva veg du vel må du rekna omkring ein liten time å gå frå parkeringsplassen, så dette er ein turboks for dei spreke!.
Du bør vera skodd for litt skogsvandring.

PS!
Er det lite vatn i elva, kan du jo ta turboksen ved Nauthellarskår først og så gå vidare over elva derifrå.

GOD TUR!

Additional Hints (Decrypt)

Haqre rva fgrva.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)