Sjernarøyane er eit samfunn med 8 bebudde øyer plassert midt i
Rogaland. Kalkrik grunn gjer at dei er frodige, med flott natur,
kulturbeiter og oppdyrka mark. Utanom jord- og skogbruk, er turisme
og lakseoppdrett viktige næringar. Det er ca 450 fastbuande som
soknar til den flotte middelalderkyrkja på Kyrkjøy, der ein òg finn
ei byste av Alfred Hauge (1915-1986), forfattaren frå same øya.
Sommarstid fleirdoblar folketalet seg med båt- og hytteturistar som
nyt freden og det meir enn gjennomsnittleg tørre klimaet.
Øyane har òg relativt høg cache-tettleik, i skrivande stund 13
cacher av ulik vanskelegsgrad. I samband med eventen kjem det nok
òg til å vera eit par nye cachar ein kan ta ein FTF-konkurranse
på.
Det er lett å komme seg hit, med god kommunikasjon både frå
Stavanger og frå Nordfylket.
Me startar eventet med samling på Pålaneset rundt 1230. Dette er
eit tidspunkt som passar for reisande både frå sør og nord. Sjå
nedanfor for linkar til offentleg transport. Det er også god
muligheit for å legge til med båt på staden.
Ta med dykk grillmat, drikke, stolar om de ønskjer det og har
plass (det finst benker på plassen), frisbee? o.l. Fint viss ein
del tek med seg asjettar, knivar, glass o.l. Gløym sjølvsagt ikkje
GPS-utstyr og fullada batteri! Det er god 3G-dekning over det meste
av øyane.
Meld dykk på nedanfor så me har litt peiling på kor mange som kjem!
Velkomne skal de vera!
Transport
Frå Stavanger:
1) Hurtigbåt frå Fiskepiren (Saudaruta) kl 1030. Gå av på Helgøy
kl 1125. Me kan hente på kaien.
PDF-fil hurtigbåtruter frå Stavanger til Ryfylke
Retur same veien, siste båt 2130
PDF-fil hurtigbåtruter frå Ryfylke til Stavanger
2) Køyr med eigen bil til Judaberg gjennom Rennfast og Finnfast
(kr 200/Autopass) til Judaberg, så bilferge frå Judaberg 1105 til
Helgøy kl 1205. Køyr med eigen bil til eventkoordinatene.
PDF-fil fergeruter
Retur same vegen. Ferger til seint på kveld, siste ferge
2310.
Frå Haugesund/Nordfylket:
1) Køyr med eigen bil til Nedstrand, ferge frå Nedstrand kl
1150, framme på Helgøy kl 1235. (Obs! Retur kl 1600 dersom ein tek
same vegen). Alternativt kan ein også gå på Jelsa kl 1100.
PDF-fil bilfergeruter
2) Køyr med eigen bil via Arsvågen-Mortavika til Rennesøy, sving
så av til Judaberg gjennom Finnfast (sjå ovanfor)
3) Utan bil: Reis til Stavanger først, så hurtigbåt (sjå
ovanfor).
Overnatting
For dei av dykk som ønskjer å gjera ei helg ut av dette, finst
det fleire moglegheiter. De kan telta ved event-koordinatene. Det
er nytt og offentleg toalettanlegg på staden. Alternativt kan de
sjå på følgande lenkjer (dei øvste reklmarerer til og med om
geocachar på øya!):
Furre
Hytter og Sjernarøy Maritim
Ramsvig
Dersom me blir ein liten gjeng som overnattar, skal me ordne med
noko sosialt også på kveldstid, kan hende på ein av dei lokale
skjenkestadane.
In English
Welcome to Sjernarøyane! This beautiful archipelago of islands
in the middle of Rogaland will be the location of a day of BBQ,
caching and socializing.
Transport:
Boat from Stavanger (Fiskepiren): 1030hrs to Helgøy (1135)
By car to Judaberg, Finnøy through underwater tunnels (Finnfast,
NOK 200 with Autopass), then car ferry at 1105, arriving at Helgøy
1205.
From Haugesund: Drive to Nedstrand, ferry leaves at 1150, arrives
at Helgøy 1235
Accommodation:
If you'd like to make a weekend of it, feel free to pitch a tent
at the coordinates of the event (modern public toilet facilities
available) or book your accommodation at one of the above links
(Furre Hytter or Ramsvig).
Please sign up below!