Skip to content

Kalvatjørna (AdVest 2013 #9) Traditional Geocache

Hidden : 12/9/2013
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Kalvatjørna ligg i Time kommune, omlag 1,2 km gåtur frå garden Snorestad.


Turen går på traktorveg og er ikkje spesielt krevjande. Det går mange sauer her i sommarhalvåret, og ein kan nok ikkje rekne med å vere utan sauelort på skotøyet etter turen hit. Ein må gå gjennom nokre grinder for å kome til Kalvatjørna. Hugs å lukke dei forsvarleg etter deg, slik at sauene held seg der eigarane deira har tenkt at dei skal vere.

 

Like ved cachen finn ein ein stor, fin stein ein kan sitje ned på og nyte nista si om det er tid for den slags allereie her.

 

Om ein går vidare på traktorvegen kjem ein etter nye omlag 1,7 km til Lauvlia. Turen kan også gjerast lenger ved å ta ein rundtur om Bjødnalia og Ristølnuten (du kan lese meir om det her: http://www.fjell-vandring.net/fjelltopper-0-250moh/lauvlia-bjodnalia-ristolnuten-og-kalvafjellet-76.html).

 

Slik kjem du hit: Køyr til Undheim sentrum, og ta av mot Sikvaland (dette er skilta). Køyr forbi Knudaheio, hald fram mot Sikvaland. Før Tjålandsvatnet svingar du av til venstre mot Snorestad. Parkering rett før du kjem til Snorestad gard (sjå parkeringskoordinat). Vis omsyn til grunneigar.

 

Cachen er ein lock’n lock-boks, og inneheld diverse bytteting. Ved utplassering ligg her også eit FTF-sertifikat og FTF-premie.

Additional Hints (Decrypt)

V fcerxx, haqre/onx rvare

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)