Nutheim.

Nutheim gjestgiveri er omkransa av frodig og fin natur med eit storslått utsyn
over Flatdal, og er eit strålande utgangspunkt for natur-, kunst-
og kulturopplevingar.
Frå Kongehella 200 meter opp frå Nutheim uttala kong Oscar den 2.
at det var det vakraste utsynet han hadde sett.

Det er fleire flotte turstiar i
Flatdal og omkringliggande bygder.
Hjartal gamle prestegard frå 1600-tallet vart flytt til Nutheim i 1963
og restaurert. Prestegarden har eige kapell. På tunet ligg og
Galleri Nutheim, der du kan sjå utstilling med kunstnarar som er
tilknytt staden.
Rett over vegen frå Nutheim har Terje Grøstadopent atelier om sommaren.
I området rundt Nutheim ligg fleir plassar verd eit besøk.
I enden av dalen ligg Bindingsnuten på 753 m.o.h., og blir beskjedent lite blant dei andre fjella,
men gjev med sin karakteristiske profil eit kjennemerke for Flatdal.
