Skip to content

Skotårsdag i sør-vest Event Cache

This cache has been archived.

lefr: Stor takk til alle som møtte opp og gjorde dette til ein flott kveld.
Og særlig takk til FruLhv11 og Hobbis for deilig bakverk!

Ser fram til å treffa dykk alle igjen ganske snart

More
Hidden : Wednesday, February 29, 2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   not chosen (not chosen)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Bli med og marker skotårsdagen på Ogna
saman med nye og gamle cachevenner!

Eventet tek til kl.18:00

og vi rundar det heile av i åttetida.

Her vert det boller og brus, kaffi og kakao;
kanskje til og med ein liten grill for dei som vil laga seg ein varm Marshmallow.
Elles er det lite fast program. Vi møtest, vert kjende og har det kjekt i lag.
Kanskje nokon deler ei god skrøne eller to om den fantastiske cachen dei nesten fann.

Eventstaden ligg like ved Ogna stasjon. Det er gode parkeringsmuligheter på staden, men du kan og godt koma med toget.

Dette er eit Ute-Event
så du bør du ta med deg:
- Stol eller sitteunderlag
- Klede etter været.
- Godt humør og gode cachehistorier


Kva er eit skotår?
Eit skotår er eit år som er litt lengre enn eit normalt år. «Skot» viser til at ein «skyt inn» ein ekstra tidsbolk i året. I vestleg tidsrekning inneber dette at året har éin dag meir enn normalår. I lunisolarkalendrar som den babylonske, jødiske og den gamle romerske har skotår ein ekstra skotmånad.

Jorda brukar ca. 365,2422 dagar på ein runde rundt sola. Eit normalt år har 365 dagar, med 28 dagar i februar. I eit skotår har februar ein ekstra dag, 29. februar, og samla 366 dagar for heile året. Grunnen til at den ekstra dagen vart lagt til februar, og grunnen til at februar er så mye kortare enn dei andre månadene er at i den eldre romerske kalenderen var mars den første månaden i året og februar den siste.

Ein kuriositet er at den «nye» dagen ikkje vart lagt sist i månaden, men etter den 24. februar. Den 24. februar var av romarar kalla dag 6 før Kalendæ i mars. Skotdagen vart då kalla den andre dag 6 før Kalendæ i mars. Kalendæ er romarane sitt namn på den første dagen i månaden, og dei rekna seg bakover til Kalendæ, der dag 1 før Kalendæ var Kalendæ sjølv.

Eit skotår er normalt kvart fjerde år — i alle årstal som er delelege med 4. Unnataket er hundreåra (1700, 1800, 1900 osv.), som ikkje har skotår med mindre dei også er delelege med 400 (1200, 1600, 2000, 2400 osv.). Det var såleis skotår i 2000, men skotåret fell bort i 2100. Denne fordelinga av skotår vart innført i Noreg med den gregorianske kalenderen i år 1700.

Eit humoristisk kort frå skotåret 1908 som viser kvinner som lurer på ein ung mann. Skotår var tradisjonelt det einaste året då også kvinner kunne fri.
Kjelde: Wikipedia

Additional Hints (No hints available.)