Åmotsdal
kyrkje.
Da Jaran Rønjom reiste Åmotsdal kyrkje i 1792,
var formi ei nyskaping å rekne millom bygdekyrkjene i Telemark.
Krosskyrkjeformi slik kyrkjehuset syner seg utantil var kjend nok,
men det merkelege kyrkjerommet der alterveggen stengde den eine
krossarmen så romet dana ei breikyrkje med grunnplanen i skipet i
T-form og med preikestolen hangande over alteret, var nytt og
framant, men det synest som Telemark har teke imot dette nye etter
di ein finn mange døme på denne kyrkjeformi. Vinje, Rauland, Tuddal
og Hjartdal har kyrkjebygg etter same skipnad som Åmotsdal, men som
den eldste er Åmotsdal kyrkje den mest intessante av di ho danar
førebilete for dei hine.
I Skien hadde den norske arkitekten Jørgen Henrik
Rawert 10 år fyreåt bygd den vene steinkyrkja som er førebilete for
åmotsdal kyrkje; og Jaran har truleg fleire gangar studera den nye
kyrkja som var rekna som det gjevaste byggverket i Skien etter den
store bybrannen i 1777.
Så tradisjonsbundi som bygdekunsti var i
Telemarksbygdene, kan ein undrast at ikkje kyrkjehusi meire slutta
seg til dei gamle formene. Heimene som reiste seg nytta trufast det
gamle. I Åmotsdal var det stavkyrkje kjend frå brev i 1469. Truleg
er den nye kyrkja reist på plassen etter stavkyrkja. Der var vigd
jord og liten grunn til flytting. Ho ligg på sletta innmed garden
som vert kalla Kyrkjemoen.
Kyrkjegarden som ligg kringom kyrkja er hegna av
ein låg steingard. Her står dei gamle gravsteinane, forma av enkle
heller med innskrift der runer og latinske bokstavar står saman. På
denne kyrkjegarden kviler også Jarand Rønjom.