Skip to content

Orion: Saiph Traditional Geocache

Hidden : 3/20/2011
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Orion var ingen vanleg dødeleg. Han var son av havguden Posseidon. Orion var ei kjempe som var så stor at han kunne vassa over djupe hav utan å få hovudet under vann. Derfor kunne han utan vanskar vandre mellom dei forskjellige øyene i Hellas og jakta der det passa han. Han var usedvanleg vakker og dessutan kjempesterk og ein fryktlaus jeger.
Ei gong låg Orion og sov saman med hundane sine Sirius og Procyon. På slutten av natta vakna han av et vakkert lysskin. Det var den vakre gudinna Aurora, gudinna over morgonrauden, som skulle trekke sola opp på himmelen saman med dei bevinga hestane sine. Ho vart stupande forelska i Orion og prøvde å få han med seg. Men Orion ville bare jakte og Aurora måtte dra vidare.

Når Orion døyr vert gudinna over morgonrauden svært lei seg og prøver å halda seg ved sida av han så lenge som mogleg. Det kan du sjå på himmelen, for stjernene i Orion bleiknar sakte og ofte vert himmelen raud før stjernene går under horisonten. Når Orion har forsvunne gret Aurora. Det kan du sjå kvar morgon når blad og blomar er dekka av tårene hennar. Dogg som glitrar på blomar og blad er tårene frå Aurora.
Saiph (Kappa Orionis) er den sjette klaraste stjerna i stjernebiletet Orion. Av dei fire klare stjernene som utgjer ”hovedfirkanten” i Orion, er dette stjerna i det søraustre hjørnet. Vi ser stjerna nede til venstre i Orion sin fot.

Saiph ligg om lag 720 lysår frå oss og har ein masse som er 15–17 større enn vår sol. Store stjerner, slik som Saiph (og mange andre stjerner i Orion) vil med tida kollapse og eksplodere som supernovaer.
Saiph (Kappa Orionis) is the sixth brightest star in the constellation Orion. Of the four bright stars that make up the "main square" in Orion, this is the star in the southeastern corner. We see the star down to the left in Orion's foot.
Saiph is located about 720 light years from us and has a mass that is 15-17 larger than our sun. Big stars such as Saiph (and many other stars in Orion) will in time collapse and explode as supernovae.
This cache is one of 18 in a series inspired by the constellation Orion.
Denne cachen er ei av 18 i ein cacheserie inspirert av stjernebiletet Orion.
Kvar cache representerer ei stjerne, og dei er plassert etter mønster av stjernebiletet, med litt avvik nokre stader for tilpassing til terrenget.
Inspirasjon og opplysningar til Orion-serien er mellom anna henta frå Wikipedia, naturfag.no, bøkene "Helter og monstre på himmelhvelvingen" og "Stjernene forteller" av Maj Samzelius

Korleis koma dit?
Frå nord (Nærbø) er det lettast å køyra til Opstad gamle skule. Du kan parkera ved den gamle skulen og gå eller sykla vidare; eller finn ein høveleg parkeringsplass langs grusveg vidare innover mot Sveineskogen.
Frå sør (Varhaug) er det lettast å ta vegen om Bjorheim mot Årdal og parkera langs grusveg.
Pass på at du parkerer slik at du ikkje er til hinder for andre.
Det er og lov å parkera inne i sjølve Sveineskogen. Pass på at du lukker alle grinder etter deg viss du kjører heilt inn hit
Det går veldig fint å sykla på dei mange småvegane i og rundt skogen, og på to hjul kan du koma svært nær dei fleste cachene i Orionserien.

I sommarhalvåret er det storfe på beite i dei fleste områda utanfor skogen. Desse kan vera i overkant interesserte i parkerte bilar. Parkering av bil langs grusveg (innanfor ferister)der det er dyr på beite skjer på eige ansvar. Det er ikkje dyr ved Opstad gamle skule, eller inne i sjølve Sveineskogen

How to get there?
From the north (Nærbø) the easiest way is to drive to Opstad old school. You can park at the old school, or in the Sveine forrest, and walk or cycle further in; or find an appropriate parking space along the gravel road leading to the forrest.
From the South (Varhaug) follow the road over Bjorheim to Årdal and park along the gravel road.
Park your vehicle in a manner that does not present an obstacle for others.

It's very easy to cycle on the many small roads in and around the forest, and on two wheels you can get very close to most of the caches in the Orion series.
Beware of gracing cattle in summer, they may harm your car if you leave it unattended.

Additional Hints (Decrypt)

Yåtg v fgrvatneq / Ybj va fgbar srapr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)